Noregs Mållag 23. NOVEMBER 2017

Framside Reiseruta Blogg For lokallaga For pressa Kontakt Språkåret 2013

For lokallaga

"

Stafettpinne
Meld frå om tilskipingar
Vi vil gjerne at lokallag som skal få vitjing, fyller ut skjemaet som er lagt ved så detaljert som råd er og sender det til oss dersom de ikkje har gjort det enno. Fristen er i utgangspunktet 10. februar. Send skjemaet til: stafetten@nm.no eller Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 OSLO, eller ring oss på tlf. 23 00 29 30. Fyll ut skjema og send det i retur til oss!
Ballonger
Eller ring Marianne Granheim Trøyflat på telefon: 23 00 29 30 eller 988 18 871.

Kven gjer kva?
Vi vil at lokallaga legg planane lokalt. Det er viktig å laga avtalar i god tid, både med dei vi skal møta og med pressa. Dersom de ønskjer at sentralt skal bidra aktivt i opplegget, er det viktig at vi får melding om det. For å gjera denne Nynorskstafetten mogleg er vi takksame om lokallaga kan skaffa privat overnatting til oss som reiser. Dersom det ikkje høver for lokallaget ditt å ta imot besøk som er sett opp, vilvi ha melding om det. Skrivarstova koordinerer planane, sender bilen rundt med mannskap, lagar tilfang og gjer informasjonsarbeid.

Stafettflygeblad
Samarbeid
Nokre lag har felles ansvar for ein stafettdag. Det er viktig at laga snakkar saman og koordinerer dette arbeidet. Gje melding dersom de treng ekstra hjelp. Det er også ein fordel om nabolag har høve til å snakka saman før Nynorskstafetten kjem. Slik sikrar ein at tidspunkta på dei ulike stadene ikkje kolliderer.

Flygeblad skule
Stafettbilen
Stafettbilen vil ha med seg ein og helst to tillitsvalde eller tilsette frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom. Desse vil vera dei som stiller opp på oppdraga lokallaga avtaler på vegner av oss. Det er flott om representantar frå lokalloaga har ei rolle under tilskipingane.

T-skjorte (for sal)
Tilfang
Tilfang til utdeling
Tilfanget er gratis for lokallaga og kan tingast frå skrivarstova. Det kan også delast ut uavhengig om bilen er der. Vi skal ha med tilbod om klassesett av Norsk Barneblad til den aktuelle målgruppa, og vekeferske Dag og Tid til unge og eldre. I tillegg vil det vera skriftleg tilfang som vi lagar sjølv:
Klistremerke
• særutgåve av Norsk Tidend – med godt og meir “tidlaust” stoff
• Flygeblad til barnehagane
• Ordførarmappe med gode råd om nynorski kommunane og ei eiga bokgåve ”Viljen tilspråk” av Ottar Grepstad
• ballongar
• jakkemerke
Norsk Tidend
• klistremerke

Salstilfang
Vi vil også syta for å ha med oss eit knippe salsmateriell som kan seljast der det er høveleg:
• t-skjorter
• matboks
• Kulturlotteriet 2013
• skrivebok og penn

Stafettpinne
Det blir laga ein eigen stafettpinne som skal følgja oss gjennom heile Nynorskstafetten. Han skal syna heilt konkret at dette er ein stafett der over hundre lokallag har kvar sin etappe. Han er fin illustrasjon til bilete ein vil ta, og vi vil laga så pass mange at han kan brukast som gåve eller souvenir.

Logo / eige tilfang
Om de ynskjer å produsera eige tilfang, plakatar, lysingar og liknande, så vil det bli råd å lasta ned logoar til stafetten. Dei finn du her.


Har de ikkje fylt om dagen? Her er nokre tips:
Forfattarbesøk
Samlaget er godt orientert om Nynorskstafetten, og vil gjerne bidra til forfattarbesøk der det er ønskjeleg. Dei har sendt oss ei fyldig liste over moglege forfattarar, der både barne- og ungdomslitteratur og bøker for vaksne er godt representerte. For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Samlaget direkte via Anne Liv Hovda Tresselt, tlf. 905 61 322 /e-post: A.Tresselt@samlaget.no. Hugs også på dei andre forlaga, som t.d. Skald, Mangschou og Selja. Dei kan også ha forfattarar som kan vera aktuelle.

Nynorsk næringsliv
Kva med å sjå innom ein butikk, eit hotell eller andre private verksemder som bruker nynorsk og bør få ros for det, eller ikkje bruker så mykje nynorsk og bør bli utfordra på det?

Vitjing i barnehagar, på skular og liknande
Nynorskstafetten kan bli med på barnehagebesøk. Vi vil ha med ei bok i gåve og møta styraren eller ei avdeling. Ein kan også vitja skuleklasser eller skular. Ordføraren eller oppvekstsjefen er også personar vi gjerne møter – vi lagar ei eiga ordførarpakke.

Kvardagsstand
Stafettbilen er full av nytt tilfang og ting som er fine å dela ut. Både stafettbilen og standsutstyret vil gjera oss ekstra synlege.

Superlaurdag
Vi bruker stafettbilen og standsutstyret til å gjera oss ekstra synlege. Om lokallag vil, kan ein lyfta standen med noko meir, til dømes ein gjest. Det kan vera ein artist eller forfattar, ei lokal dansegruppe eller noko. Kaker, bollar og brus.

Relaterte filer:

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS