Noregs Mållag 23. NOVEMBER 2017

Framside Reiseruta Blogg For lokallaga For pressa Kontakt Språkåret 2013
http/

140 stogg - 12 000 kilometer

I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Dette vert feira med eit Språkår. Vårt bidrag er ein nynorskstafett gjennom heile Noreg. Noregs Mållag vil køyra i fotspora til Ivar Aasen. Stafetten skal rulla heilt fram til 19. oktober i Bygland på Agder. Då har bilen hatt 143 stogg og vitja svært mange lokallag.
"

Vi ynskjer å markera nynorsken og Mållaget på ein positiv og frisk måte, og vi har eit klårt mål om å engasjera lokale mållag og lokalsamfunn i denne stafetten. Lokale mållag organiserer opplegget på kvar plass stafetten kjem til. Det er såleis ein aksjonsstafett.

Kvifor stafett i Språkåret 2013?
Noregs Mållag sitt bidrag er å markera nynorsken og Ivar Aasen. Vi ynskjer at Språkåret skal bli ei poliitisk markering for nynorsken, og vi trur at denne stafetten vil vera med på å gje eit godt inntrykk av kor viktig språket vårt er for folk. Vi ynskjer å få fram eit ordskifte om kva slags språkpolitikk nynorsken og resten av språkmangfaldet i Noreg treng.

Målet er òg å gjera folk medvitne om soga til nynorsken og kvifor det er viktig å skriva nynorsk. Dette er eit flott høve til å snakka om kvifor folk heller bør skriva nynorsk enn bokmål. I tillegg vil vi argumentera for at elevane i Noreg bør læra både nynorsk og bokmål.

Aktivitetar i Nynorskstafetten
Nokre stader blir det planlagt dagopplegg medulike besøk, debattar og møte, eller det blir stand på kjøpesenteret og framsyning på torget, medan andre lokallag vil satsa på dei populære kulturkveldane eller debattmøte med eller utan nynorsk bar. Mykje interessant er under planlegging. Romsdal Mållag skal ha skiløp med ordløype, Elverum Mållag samarbeider med forfattaren Kristin Fridtun om bokkveld og Skånevik Mållag legg opp til samling på Gjestgjevargarden, der Ivar Aasen budde i seks veker i 1844. For å nemna noko.

Nynorskstafetten er støtta av Språkåret 2013, Fritt Ord og Norsk Kulturråd.
 


© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS